Til hovedsiden  
  Mandag 6. september 2010  
Presentasjon
Nyheter
 Nyheter
 Pressemeldinger
 Eksterne
 Nettstedet
 Det skjer
 Skriv nyhet
Produkter
Diskusjon
Gjestebok
Kontakt oss
Intranett

Nyheter

IBB Trønderske Meistrar 2007

Skrevet av : Egil Andreas Vartdal, 5. feb. '07 kl. 21:53:52

Ila Brass Band vann 1. divisjon for amatørkorps på Trøndersk Mesterskap i Olavshallen i går, søndag 04. februar. Domarane, Cathrine Winnes Trevino og Per Kvistad Uddu, beløna ensemblet med 97 poeng av 100 moglege for framføringa av Cloudcatcher Fells. IBBs kornettgruppe mottok og ein velfortent gruppepris.

Verket, som er komponert av John McCabe, er pliktstykke i elitedivisjonen på NM for brass band 2007. Meisterskapen vert halden no til helga frå fredag 9. til laurdag 10. februar i Bergen, og slik fell TM perfekt inn i dei siste førebuingane for Ila fram mot konkurransen.

På dei to påfølgjane plassane i 1. divisjon for amatørkorps finn vi dei to andre elitekorpsa frå Trondheim, Nidarhom og Bispehaugen, som fekk hhv. 94 og 92 poeng. Trondheim Politis Brassband, Byneset Musikkorps og Halsen Musikkforening følgde på dei resterande plassane.

I konkurransens skulekorpsdel vann Tillerbyen Skolekorps med 2 poengs margin med 93 poeng over Byåsen Skolemusikkorps. Grenaderkorpset kom på 3. plass med 89 poeng. For dei yngste kornettistane i IBB, Jostein og Kristoffer Kregnes, blei det dermed ein trippel triumf då dei vann med Tillerbyen og Ila, samt at dei var med på å få gruppeprisen i amatørkorpskonkurransen.

Fullstendig resultatliste er gjeve i lenke under.

Som regjerande Trønderske Meistrar spela IBB også festkonsert før premieutdelinga. Eit virtuost program med halsbrekkande soloar og himmelhøge tonar sette fyr på ein nesten fullsatt Olavshall. I tillegg blei prisutdelingsseremonien krydra med eggande trommerytmer og fanfarer.

Til slutt oppsummerer vi med å resitere nokre av orda ein av domarane skjenka oss etter framføringa av Cloudcatcher Fells:

Cathrine Winnes Trevino
Et meget godt helhetsinntrykk! Nyansert og balansert. Godt formet – både storform og frasemessig. Klanglig er det også stort spenn.

Lykke til i Bergen!


Lenke til mer informasjon: http://www.musikkorps.no/portal/page?_pageid=52,45564&_dad=portal&_schema=PORTAL&element_id=6539113

Tilbake til nyhetssiden
Copyright © 2001-2010 Ila Brass Band. Ansvarlige redaktører: Egil Andreas Vartdal og Bernt Skjemstad.