Nyheter
SIDDIS 2007
Skrevet av : Egil Andreas Vartdal, 4. nov. '07 kl. 23:28:35
Ila Brass Band, under leiing av Selmer Simonsen, tok 6. plass på underhaldningskonkurransen SIDDIS Brass i Stavanger i helga. Ekstra gledeleg var det at Ilas eigen soloeuphonium, Erik Andreas Berg, tok heim solistprisen i elitedivisjonen for tolkinga av Howard Snells "Oration". Eikanger-Bjørsvik Musikklag vann elitedivisjonen. Vi gratulerer!
Det var første gong sidan 2000 Ila deltok på SIDDIS Brass. Opptredenen var den sjuande i historien for ensemblet på dette årvisse arrangementet, som i år hadde samla 52 korps i totalt 4 divisjonar. Elitedivisjonen, der Ila deltok, var i år usedvanleg talrik og sterk med 9 deltakande korps. Berre Sandefjord Brass Symposium og Molde Brass Band mangla frå å gjere deltakarlista i elitedivisjonen på NM i februar 2008 komplett.
Sjølv om 6. plassen er eit godt stykke frå å toppe Ilas bestenotering i SIDDIS, sigeren i 1987, så er korpset godt nøgd med framgongen det har hatt. Intens jobbing under Selmer Simonsen dei siste månadane har ført til merkbare resultat som vil gjere seg gjeldande også i tida framover.
Solistprisen i konkurransen heng høgt, og det var eit sterkt felt av solistar som kjempa om den. Alle måtte dei, inkludert fleire profesjonelle musikerar i symfoniorkestre rundt om i landet, sjå seg slått av prestasjonen til vår eigen Erik Andreas Berg.
Under vert resultata for elitedivisjonen gjengjeve. Resten av resultata, inkludert detaljert poengoversikt, finn du i den vedlagte lenkja.
1. Eikanger-Bjørsvik Musikklag
2. Stavanger Brass Band
3. Oslo Brass Band
4. Krohnengen Brass Band
5. Manger Musikklag
6. Ila Brass Band
7. Tertnes Brass
8. Oslofjord Brass
9. Jaren Hornmusikkforening
Lenke til mer informasjon: http://www.stavanger-brassband.no/siddis-brass/
Tilbake til nyhetssiden
Copyright © 2001-2010 Ila Brass Band. Ansvarlige redaktører:
Egil Andreas Vartdal og
Bernt Skjemstad.